DRIFT

«Kulturhus-boom» og kulturhusstrid

Georg Arnestad, forsker og forskings- og utviklingsleder ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Foto: Roy Sunde.

Under konferansen «Kulturrikets Tilstand 2012» holdt forsker Georg Einar Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane et svært interessant foredrag.

Med tillatelse fra Arnestad «trykker» Kulturhusmagasinet det stadig like aktuelle foredraget i sin helhet. Innlegget må leses i lys av at det ble skrevet i 2012. Nederst er et innlegg fra 2015, da nevnte Kimen kulturhus på Stjørdal sto ferdig.

ANNONSE

INNLEGGET:

I dette innlegget skal eg gi ei kort framstilling av den trøblete «tilblivelseshistoria» for tre norske kulturhus, eg skal reflektere over kvifor vi byggjer store kulturhus og til slutt sjå på resultata frå ein omfattande amerikansk kulturhusstudie.

Vi er midt inne i ein dyr «kulturhus-boom». Dei nye vakre og storslåtte husa som siste åra har reist seg i Kristiansand, Stavanger, Larvik , Os og Lørenskog har til saman kosta meir enn eit halvt statleg kulturbudsjett.

Nye, store multikulturanlegg er under bygging i heile landet, mellom anna i Hamar, Bodø og Stjørdal.

Den samla prislappen på dei tre nemnde husa er 2,6 mrd. kroner.

Samla sett vil eg tru at det siste ti åra har vorte investert rundt 15 mrd. kroner i nye kulturbygg i Noreg, inklusive Den Norske Opera og Ballett.

Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag med sine 22.000 innbyggjar er i ferd med å reise eit kulturhus til 717 mill. kroner.

Prosessen med det store anlegget starta i 1985 då tomta vart peikt ut. Heile tida, ikkje minst siste åra, har det vore ein lang makt- og dragkamp om saka. Huset er byggeklart, men byggestarten har vorte utsett fleire gonger. Over jul, seier dei no. I byrjinga av oktober i år vart prosjektet vedteke stoppa av eit benkeforslag på kommunestyremøte. På neste møte, 26. oktober, vart dette vedtaket oppheva. I Stjørdal er det dei borgarlege partia med Sp som har ordførar og leiar i styret for kulturhuset, som er drivkrafta i arbeidet. Særleg ordførar Johan Arnt Elverum vert knytt til bygget. Johan Arnts Minde vert huset kalla på bygda. Frp med varaordførar er med på lasset. Ap vil seie stopp. Opningsdato er ikkje fastsett. Finansieringsplanen er framleis ikkje heilt klar. Debatten om kulturhuset har rast i mange år, splitta politikarar og innbyggarar, samt ført til fleire aksjonar og demonstrasjonar. Bygget har vorte dyrare og dyrare. I 2011 var byggekostnaden estimert til 440 mill. kroner, så steig den til 570 mill. kroner. No er den 717 mill. Det er nesten ikkje til å tru. Men sant er det.

Lenger nord, i Bodø (42.000 innbyggjarar), er kulturhuset, kulturkvartalet kallar dei det, sjølvsagt sværare og dyrare enn i Stjørdal. I Bodø lyder kalkylen no på 1,2 mrd. kroner. Gravemaskinane starta arbeidet med det nye kulturkvartalet i september 2011. Ei meiningsmåling utført for NRK Nordland viste då at 48 pst. av innbyggjarane var mot bygging av kulturkvartalet, mens 34 pst. var for og 18 pst. var nøytrale. Heile 37 pst. menn og 32 pst. kvinner var «svært negative» til kulturkvartalet. Prosentdelen «svært positiv» var 12-13 prosentpoeng lågare. Planlegginga av kvartalet starta på slutten av 1990-talet. I Bodø er det Ap som har vore frontpartiet for saka. Men det er ein Høgre-ordførar som no losar saka igjennom, med ein svært motvillig Frp-varaordførar ved sida av seg. Kulturkvartalet vert omtalt som prestisjeprosjektet til tidlegare Ap-ordførar Odd Tore Fygle. Han har vore den sentrale entreprenøren. Bygget skal opnast 14. november 2014. To arkitektkonkurransar har vorte gjennomførte. Vinnarutkastet «Urbane figurer» kom høgt opp på lista i Nordland i den nasjonale konkurransen «Noregs styggaste bygg». Lesarane av Avisa Nordland kåra vinnarutkastet til ein klar jumboplass. Den lokale motstanden mot det nye kulturkvartalet har vore stor. Det vart til og med starta ein folkeaksjon for å få gjennomført ei folkeavstemning om Kulturkvartalet. Byen er delt, frontane er steile. Slik er det enno. Varaordføraren frå Frp har inntil det siste trua med å gå av.

Hamar kulturhus. Foto: Jan-Tore Egge/Wikimedia Commons.

Arbeidet med det nye kulturhuset på Hamar (31.000 innbyggjarar) starta i 1999. Dei involverte partane var Hamar kommune, Folkets hus og Hedmark Teater. Alt i 2002 løyvde staten pengar til prosjektet, fordi Hedmark Teater i det vesentlege er eit statsanliggande. I Stortinget gjekk forresten Sp og Frp imot denne startløyvinga. Arkitektar, eit dansk firma, vart valt i 2003. Først i juni 2011 vart detaljprosjektet godkjent av kommunestyret. I kommunestyret stemte KrF, Pensjonistpartiet, Frp og fleirtalet av Ap-representantane mot prosjektet. Hamar Arbeiderblad kunne samtidig presentere ei meiningsmåling som viste at 46 pst. av befolkninga i Hamar ville vente med å byggje til staten lova å støtte huset økonomisk.

Den mangeårige ordføraren for By- og Bygdelista, Einar Busterud, har vore prosjektets viktigaste entreprenør. Han har lagt vekt på å sjå kulturhuset i eit strategisk perspektiv for utvikling av Hamar og Hamarregionen, og ser på kulturhuset som eit signalbygg, som vil setje Hamar på det kulturelle kartet. Bygginga starta i september 2011. Byggebudsjettet lydde opphavleg på 570 mill. kroner, så auka det til 619 og no lyder sluttsummen på 697 mill. kroner. Det har vore mykje diskusjon og høg temperatur under debatten om kostnads-overskridingane.

Dei tre kulturhusa har ei samla kostnadsramme på 2,6 mrd. kroner. Alle tre inneheld storarta bibliotek, fleire kultursalar, øvingsrom mm. Kino i Hamar og Stjørdal. I Stjørdal også ei kyrkje. 2,6 mrd. kroner er ein betydeleg kostnad for tre ikkje spesielt velståande norske småbykommunar. Så vidt eg kan sjå, har ingen av dei tre nemnde husa noko privat finansiering. I Stjørdal hadde ein budsjettert med 20 mill. i tilskot frå næringslivet, men dei har uteblitt. Alle kommunane må ta opp betydelege lån for å få finansiert husa. Enkeltrepresentantar frå tre ulike partia har bori fram husa. Det skal ein sterk rygg til for å lose prosjekta i gjennom eit politisk system der motstanden er så stor, og der ein heller ikkje har opinionen på si side. Alle prosjekta har hatt lang tilblivingsprosess, vegen fram til vedtak og realisering har vore full av fallgruver og stor lokal motstand. Enno veit vi ikkje heilt om kor det vil gå i Stjørdal. Vi snakkar om tre politiske prestisjeprosjekt. Dei har ikkje late seg stoppe, trass hard motstand og trass stadige kostnadsoverskridingar. Det lokale kulturlivet synest ikkje å ha vore særleg involvert i prosessane. Publikum er ikkje nemnde i det heile.

Kvifor byggje kulturhus? Argumentasjonen for dei nye bygga er knytt til byutvikling, sentrumsutforming, signalbygg. Hamar skal gjennom det nye kulturhuset stå fram som «Innlandets hovudstad», Bodø skapar ein heilt ny bydel. Kulturkvartalet her skal fungere som ein «kulturell kraftstasjon som styrker og viderutvikler eksisterende og nye kulturtilbud.»

Kulturhuset på Hamar skal vere «et kulturelt kraftsenter og en arena for kulturproduksjon og kunstnerisk utvikling i Innlandet», medan Kulturhuset i Stjørdal har vore prega av så mykje langvarig politisk strid at det er vanskeleg for meg å finne tak i meininga med det heile.

Finansieringsmodellane er stort sett like. Det er offentlege pengar av ulike slag, inklusive ulike former for kraft- og energipengar, momskompensasjon, statstilskot i Hamar og Bodø. I Bodø har dei òg fått rundhanda 200 mill. kroner av såkalla differensierte arbeidsgivaravgiftsmidlar, ei regional tilskotsordning det er all grunn til å sjå nærmare på. Kulturhuset vil auke den kommunale lånegjelda i Bodø med 250 mill. kroner, i Hamar med meir enn 300 mill. kroner. Kor stort beløpet er i Stjørdal, veit eg ikkje.

Men det må vere stort. Kulturhusmilliardane rullar. Ingen har totaloversynet. Ingen har til oppgåve å ha noko totaloversyn. Det er heller ingen forsking på feltet. Men tidsskriftet Stat og Styring, av alle, hadde i fjor eit spesialnummer om kulturhus, redigert av den unge forskaren Aase Marthe Johansen Horrigmo frå Vennesla, som òg skreiv nokre av artiklane i bladet.

Horrigmo stiller spørsmålet om bygging av (store) kulturhus er fornuftig utviklingspolitikk. Ho gjer dette fordi dei fleste norske kommunale kulturhussatsingar vert grunngjevne ved at dei skal bidra til gunstig og positiv by- og tettstadsutvikling og -fornying. I Noreg har vi ingen empiriske studiar av dette. Mykje av det kunnskapsbaserte arsenalet som vert brukt, er henta frå Richard Floridas sine studiar av den kreative klassens betydning for utviklinga av nordamerikanske storbyregionar og frå erfaringar med monumentale signalbygg som Guggenheim-museet i Bilbao, som trekkjer til seg turistar frå heile verda. Generelt kan vi seie at nytten av Florida og Bilbao har vorte betydeleg overdriven.

Den viktigaste økonomiske verknaden av eit storslått kommunalt kulturhus er at den kommunale lånegjelda aukar betydeleg. Dessutan veit vi at drifta av huset vil belaste det kommunale driftsbudsjettet langt meir enn det ein har rekna med.

Men lat oss midt opp i dette ikkje gløyme det kanskje viktigaste, med Aase Marthe Horrigmo sine ord: «De nye kulturhusene har den unike funksjonen at de kan tilby gode kulturprodukter, også utenfor de store byene». Kulturhusa representerer på denne måten ei demokratisering og desentralisering av kulturen. Det same har forresten dei mange festivalane siste tiåret gjort. Men til ein betydeleg lågare pris. Kven vil ha råd til å leige seg inn i dei nye kulturhusa?

Etter mitt syn må vi no stille spørsmålet om vi nærmar oss ein situasjon der kulturtilbodet, spesielt av når det gjeld arenaer, overstig etterspørselen. Vi bør òg sjå nærmare på kva slags faktorar som avgjer etterspørselen etter denne slike kulturtilbod. Og kva for faktorar ligg bak beslutningane om å byggje kulturarenaer til mellom 0,7 og 1,2 mrd. kroner i norske småbyar? Kvifor vert det så himla mykje bråk av dette?

Look to America:

Det finst i alle fall éin studie vi kan lære litt av. Sommeren 2012 låg nemleg resultata av ei omfattande amerikansk gransking føre. Her har ein teke for seg «a major building boom of museums, performing arts centers and theatres» frå 1994 til 2008. I denne perioden vart det i USA bygt fleire kulturbygg enn t.d. bygg til helseformål. «Set in stone» heiter sluttrapporten. Det er samla inn omfattande data frå over 700 kulturbyggprosjekt over heile USA og representantar for meir enn 500 organisasjonar er intervjua. Prosjekta hadde ei kostnadsramme mellom 4 mill. til 335 mill. dollars, eller frå 24 mill. til 2 mrd. NOK (2005-prisar). Byggjekostnadene er visst betydeleg lågare i USA enn i Noreg. Gjennomsnittet var 21 mill. dollar = 126 mill. kroner.

Nokre konklusjonar frå granskinga:

• Det vart bygt for mange institusjonar, særleg i dei gode åra på byrjinga av 2000-talet

• Det har vorte for mange kultursentra (Performing Art Centers)

• Mange av prosjekta hadde store problem undervegs. Desse starta som regel tidleg i planleggingsprosessen.

• Nøye planlegging og fokus på publikum er heilt avgjerande for kor vellykka dei nye kulturbygga blir

• For kunstinstitusjonar kan det vere bortimot sjølvmord å tenkje for stort

• Ingen garanti for at om du byggjer huset/arenaen, så vil publikum kome

• Meir enn 80 pst. av bygga overskreid budsjettet, nokre med 200 pst.

• 9 av 10 «top spenders» på kulturprosjekt var i småbyar

• Arkitektens signaturambisjonar gjorde nokre bygg langt dyrare enn nødvendig

• Langvarige planprosessar (tiår eller meir) førte til at ein bygde for noko heilt anna enn det ein opphavleg hadde tenkt seg.

Forfattarane strekar også under at det er svært vanskeleg å estimere den aktuelle etterspørselen etter kulturarenaer og kulturbygg. Vi veit at sjølv om høgare utdanning og inntekt hovudsakleg tilseier auka etterspørsel etter musikk, museum og utøvande kunst, så er det ikkje slik at forholdet mellom faktisk og estimerte publikumstal følgjer ein vitskapleg formel. Eg har forresten ikkje sett eit einaste estimat eller overslag over moglege publikumstal for dei kulturhusa eg nemnde innleiingsvis. Etterspørselssida er heilt utelaten i planlegginga.

Suksessformelen for eit kulturhusprosjekt er ifølgje rapporten, denne:

1. Eit klart definert behov

2. Eit kontinuerleg og ansvarleg leiarskap

3. Eit realistisk budsjett som vert halde oppe. Finansieringa må vere på plass før bygginga startar

4. Fleksible inntektskjelder i etterbruksfasen

Eg trur alle norske kulturhusutbyggjarar har noko å lære her. Etter mitt syn burde vi snarast få utført ein samla nasjonal, kvantitativt basert, studie av dei mange kulturhusprosjekta i Noreg siste tiåret. Kulturdepartementet sit med det overordna ansvaret for at det er ein samanheng mellom etterspørsel og offentlege tilbod på kulturfeltet. På kulturhusområdet står vi no i fare for å få eit (betydeleg) offentleg finansiert overskotstilbod. Det bør bekymre oss. Men på tampen av Kulturløftet II med ein tilstundande valkamp er det kanskje ikkje overskotstilbod statsråden, Kulturdepartementet eller Engerutvalet, for den del, vil ha mest snakk om. Så då vert det vel ingen slik studie? Med mindre det finst andre som kunne tenkje seg å finansiere ein større analyse av utviklinga av kulturhusfeltet her i landet. For at vi treng å gjere opp status no, kan det ikkje vere særleg tvil om.

(Dette var  innlegget til Georg Arnestad – 31.10.2012, Litteraturhuset i Oslo)

Kimen kulturhus. Foto: Kimen kulturhus.

Kva er eit kulturhus verdt?

«Eit kulturhus kostar 40 mill. og ein ordførar.» Det var den legendariske Sp-politikaren Per N. Hagen som sa dette då han vart kasta som ordførar i Tynset i 1989. Året før hadde han fått realisert eit flunkande flott kulturhus til heile 40 mill. kroner i den vakre, men sparsommelege, fjellbygda i Nord-Østerdalen.

Orda rann meg i hu då eg sist fredag var i Stjørdal for å delta i feiringa av det nye Kimen kulturhus. Prislappen her var ikkje 40, men 717 mill. kroner. Eg var invitert av Sp-ordførar Ivar Vigdenes, sjølvaste banemannen til Liv Signe. Han ville la meg få sjå eit hus eg mange gonger i skrift og tale hadde gitt uttrykk for var for dyrt og storslått.

Då Sogndal kulturhus opna i 1991, var det for ei snever og handplukka forsamling på 300 menneske. I Stjørdal var 8.000 til stades under den høgtidelege opninga, som kronprins Haakon stod for i strålande seinsommarvêr. Men Sp-ordførar Vigdenes heldt den beste talen. Etterpå var det konsertar av høg kvalitet i alle salar. Billettprisen var overkomeleg: 40 kroner. Så var det nattsæte for meir enn 700 inviterte gjester. Kulturhuset i Stjørdal skulle vere folkets hus frå første dag.

Huset har vorte bore fram av ein mangeårig borgarleg koalisjon med Sp-ordførar Johan Arnt Elverum (1999-2013) i spissen. Ap har vore sterkt i mot, heile tida. I kommunen har striden vore hard og frontane steile. Kulturhusprosjektet, på folkemunne kalla ”Arnts Minde”, kosta ordføraren eit alvorleg hjarteinfarkt. Då kom Vigdenes heim frå Oslo og tok over. Det har han gjort med glans. Men i haust taper han truleg ordførarstolen.

I Kimen har heile det breie kulturlivet fått plass. Huset er fylt opp av kultur. Tre kultursalar, tre eigne kinosalar; drifta av Trondheim kino, pluss eit stort og luftig kyrkjeleg rom. Biskopen i Nidaros heldt tale under nattsætet. Det vakre biblioteket over to etasjar er hjartet i huset, med resepsjonen rett innanfor hovudinngangen. Kvifor ein ikkje kunne gjere det slik i vårt heimlege kulturhus, er meg heilt ubegripeleg.

Kulturskulen er her med spesiallaga øvingsrom for musikk og dans, ein stor ungdomsklubb med plass for all ungdom, eit galleri, eit lite «vitensenter» , pluss ein privat danseskule, kommunens kulturadministrasjon saman med kontor for kyrkje og sokneråd. Næringslivet har finansiert delar av huset. Nabokommunane i nord er sterkt misunnelege på veksande Stjørdal. Den visjonssterke Sp-ordføraren vil no utvikle småbyen i endå meir urban retning og byggje høghus i 30 etasjar. ”Solkongen,” skreiv VG.

For meg var det rørande å gratulere gamleordføraren med det nye huset. Eg har til tider harselert med 700 millionarsprosjektet hans. No var det gløymt. Og nyeordførar Vigdenes kom med gode ord og ei utstrekt hand til dei mange motstandarane. Det var tid for godord om eit mønsterhus i tråd med Kulturutredningen til Anne Enger, ein gong Sp-dronning. Om kommunens meirutlegg til årlege driftskostnader vert (berre) 11 millionar, gjenstår å sjå. Dei vert truleg større. Men kapitalkostnadene har ein kontroll med, så lenge renta er låg.

Under opningshøgtida i Stjørdal tenkte eg tilbake til den flaue politiske prosessen kring utvidinga av kulturhuset i Sogndal i 2011. Politikarane, med ein fåmælt og absolutt visjonsfri Ap-ordførar Jarle Aarvoll i spissen, la kr 300.000 i potten. Resultatet vart nok ein kinosal, ein slags blaoboks, Sogndal Brann og Redning, og norskundervisning, pluss heile Nav. Lokala på toppen som var ueigna for andre, fekk kulturskulen leige. Det enkle bibliotekgrepet tenkte ingen på. Skammeleg.

Reis no til Stjørdal og la dykk inspirere. Få Sp-ordførar Vigdenes hit til ein kulturell pep-talk. Snart må det verte kulturens tid i fotballbygda. Sp-arar i Trøndelag og Hedmark utset seg for hjarteinfarkt og tap av ordførarstol for kulturens skuld. Men dei politiske makthavarane i Sogndal, Sp og Ap, tek null kulturhusrisiko. Dei berre gjer det dei vert fortalt. For det er slik veljarane vil ha det.

Denne teksten ble trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 29. august 2015.

Georg Einar Arnestad, forskar og skribent med sterke meiningar, særleg om kulturpolitikk og regional utvikling.

Arnestad er fødd 17. november 1948 i Gloppen. Han er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole, med økonomisk historie som spesialfelt, og har i tillegg samfunnskunnskap og sosiologi som universitetsfag. Sidan 1981 har han arbeidd som forskar og forskings- og utviklingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (tidlegare Sogn og Fjordane distriktshøgskule) og Vestlandsforsking i Sogndal, berre avbrote av nokre rådgivingsoppdrag for Kulturdepartementet og Norsk kulturråd.

Pr. 2017 er Arnestad seniorrådgivar og kulturforskar ved HVL, Høgskulen på Vestlandet, som blei skipa 1.1.2017 ved ein fusjon mellom HiSF, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund.

Arnestad var frå 1981 til 1987 redaktør for tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane og frå 1994 til 1999 for Norsk kulturårbok. Gjennom dei seinare åra har han fått status som ein slags fylkessynsar i media i Sogn og Fjordane. Meiningane hans er prega av eit kritisk blikk på mangt i lokalsamfunna. Ikkje sjeldan har han etterlyst visjonar for regional utvikling i større format.

Arnestad har vore styremedlem i Nynorsk kultursentrum sidan 2008 og i Allkunne AS sidan 2012.

 

ANNONSE

Si din mening om denne artikkelen

kommentarer

Powered by Facebook Comments

Du vil muligens også like